NHO er ikkje bra for landbruket
Eg kjøper no utelukkande mjølk, ost og yoghurt som kjem frå Tine. Eg ser at det er ein diskusjon i Tine om selskapet skal bli medlem av NHO Mat og Bio. Det synest eg er trist.
Det er ikkje bra at Nortura har vorte medlem av NHO. NHO har tette band til partiet Høgre, eit parti som har ein særs dårleg landbrukspolitikk. I NHO er dei fleste av bedriftene og landsforeiningane positive til norsk medlemskap i EU, og berre det burde vere argument nok for landbrukssamvirket for å halde seg langt unna NHO.
Eg vonar at eit fleirtal av eigarane av Tine får stansa framlegget om å melde Tine inn i NHO. For seks år sidan vart eit liknande framlegg skrinlagt då eigarane greip inn overfor leiinga i Tine. Eg vonar at eigarane gjer det same no.
Lenker:
Nationen:
Tidlegare bondetopp kritisk til NHO-prosess: http://www.nationen.no/2011/03/22/naring/bondelagsleiar/bjarne_undheim/tine/nho/6527274/
Debattmøte om Tine og NHO: http://www.nationen.no/a/6571389
Tine tar NHO-debatten på grunnplanet: http://www.nationen.no/2011/02/18/naring/landbrukets_arbeidsgiverforening/nho/tine/trond_reierstad/6463141/
Usemje i Tine om NHO-medlemskap: http://www.nationen.no/2011/02/15/naring/tine/nho/landbrukets_arbeidsgiverforening/6451641/
Debatt i Tine om medlemskap i NHO: http://www.nationen.no/2011/02/13/naring/tine/nho/landbrukets_arbeidsgiverforening/6449704/